Hoppa till huvudinnehållet
Den webbläsare du använder stöds inte längre. Klicka här för att se vilka rekommenderade webbläsare som stöds.
Profilbild

Charisman

Norway
Medlem i 3 år
Följare
Följer
1 star
Rating
Småsparar. Eg debuterte i aksjer 28.02.22. Draumen er 10% årleg vekst. Eg eig eit hus og har pengar på høgrentekonto. Kapital investert i aksjar utgjer om lag 20% av verdiane mine. Så ein relativt konservativ investor. Etter 18 mnd kvitta eg meg med fonda fordi det var altfor keisamt, sjølv om dei gjekk godt. Eg har primært handla 3 typar aksjar: 1. Aksjar som gir utbytte i havindustri (olje, gass og frakt). Desse klarer eg å følge med på og forstår nokonlunde kvifor dei går opp/ned. Forsøker å trade av og til med blanda hell. 2. Aksjar som er spådd framtidig oppside, som er i ingenmannsland ved kjøp, uavhengig av utbytte: Primært bytter eg mellom bank, eigedom, varehandel og SaaS. 3. Tradisjonsrike, trauste og svært volatile selskap som eg ikkje trur går dukken så lenge eg lever. Trader desse med ujamne mellomrom. På seinsumaren i 2023 reallokerte eg kapital og hadde stort sett minst 10% frie kontanter som eg tradet med når eg følte meg trygg på at det eg kjøpte skulle opp innen 30 dagar. Eg har ikkje råd til å tape kapitalen eg gjekk inn med, men eg har tid til å vente på overskot. Etter nøyaktig 22 mnd utgjorde uskatta utbytter eit tillegg på om lag 14,7% (etter fratrekk av handelsavgifter) av dei frie pengane eg hadde satt inn. Reinvesteringane gjekk dårlegare og eg hadde ein samla papirverdivekst på om lag 9% etter nøyaktig 22 mnd. Frå april/mai 2024 har eg kjøpt eller fylt på i selskap eg har trua på og kvitta meg med nokre av dei største tapsprosjekta. Det meste er på IKZ. Per september 24 er største postane Eigedom (37%) KMCP og PPG, Varehandel (27%) Norsk Titanium, HAV Group og Otovo og Offshore Transport (29%) BW LPG, Himalaya Shipping og Frontline. Etter 2,5år utgjer uskatta tilbakebet/utbytte (minus handelsavgifter) eit tillegg på om lag 20% av innskote beløp. Dette har blitt reinvestert og samla papirverdi dansar på jamna mellom 21% og 24% i pluss totalt sidan starten. Etter valet i USA i nov. 24 trudde eg på vekst og skaut inn meir pengar. Eg var for altfor utålmodig og investerte for tidleg. Ingen samla målbar verdivekst i 2024 og 2025, men fleire aksjar i enkelte selskap via investering av utbytter. Beste investeringa i 2024 var Lea Bank. Ein liten post med 88% gevinst. Per 14.05.25 er fordelinga slik: Offshore transport 38% er Himalaya Shipping, Frontline, MPCC og Wallenius Wilhelmsen. Eigendom 33% er Logistea B og A samt Pioneer Property Group. Varehandel 25% er Norsk Titanium, Otovo, HAV Group, Elliptic Laboratories og VOW. 2% er Vår Energi. 2% er DOF Group. Framleis kun 19% vekst totalt på 3 år og 3 mnd. Så...som å ha pengane på høgrentekonto, men gøyare.
Logga in på Shareville för att se innehav.
Logga in
Aktier och övriga värdepapper
Andel
GAV
Avkastning
Fonder
Andel
GAV
Avkastning
© 2026 Nordnet Bank AB.
Hjälp och kundservice